Nytt reisemålsselskap i Sogn - aksjeteikning

Store og små aktørar i regionen blir inviterte til å bli aksjonærar i nye Visit Sognefjord.

Sogn har eit stort potensiale innan reiseliv. Regionen har mange aktørar som til saman tilbyr unike opplevingsprodukt i marknaden. Det er mangfaldet av aktørar som gjer området vårt unikt. Samtidig ”tapar” vi inntening i høve andre reisemål, trass i ein liten vekst i tal gjestedøgn. Vi skal leve av overskotet vi skapar. Derfor må vi fornye produkta vi har, utvikle nye produkt, forbetre kvaliteten og marknadsføre oss endå betre. Vi skal tiltrekkje oss gjester som er på jakt etter akkurat det vi kan tilby, - og som er villige til å betale for produkta våre. Auka lønnsemd i reiselivsnæringa er eitt av selskapet sine mål. I prospektet finn de meir informasjon om forretningsidé, budsjett, vedtekter og oppgåver til det nye selskapet.

Verksemdene i regionen vil få prospekt og teikningsdokument tilsendt. Fleire eksemplar av prospektet kan du få ved å kontakta Sogn regionråd, epost karina.nerland@sogndal.kommune.no.
Teikningsperioden er fram til 28. januar 2013, og skipingsmøte vert 14. februar 2013.

For meir informasjon kontakt leiar i interimstyret Olav Lühr, tlf 900 30 374

Prospekt Visit Sognefjord 

 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS