Strategidokumentet får fram mogeleg løysingar, gode grep og virkemiddel der kommunane kan bruka handlingsrommet.

Målet med strategiarbeidet er å få auka kunnskap om bustadmarknaden i Sogn, skapa større grad av kontakt og felles forståing om regionale bustadutfordringar og få meir variert bustadmarknad slik at bustadtilbodet i større grad samsvarer med etterspurnaden i marknaden.

Arbeidsgruppa har vore samansett av plansjefar/planleggjarar i kommunane, Sogndal kommune som programkommune for bustadsosialt arbeid, Husbanken, Distriktssenteret, fylkeskommunen og Fylkesmannen.

Rapporten peikar på fem strategiområde for bustadutvikling i Sogn:

  1. Aktivisera kommunane si bustadpolitiske rolle
  2. Auka variasjonen i bustadtilfanget
  3. Auke kompetansen om bustadmarknaden og verkemiddel i bustadforsyninga
  4. Meir målretta arealplanlegging koordinert med bygging av kommunal infrastruktur
  5. Meir samordna informasjon om Sogn som felles bustadarena.

Det er tiltak for kvar av dei fem strategiane. Strategiane legg opp til at kommunane tek ein tydlegare posisjon i bustadmarknaden enn før. Vidare viser rapporten til at politisk forankring og prioritering av ressursar til gjennomføring av strategiane er avgjerande for å lukkast.

Prosjektleiar er Arne Kringlen, Norconsult AS. Kontaktinfo: arne.kringlen(a)norconsult.com, tlf 95 11 78 75.

Strategien vart handsama i Sogn regionråd 16.9.2016. Rådet meiner strategien er eit godt grunnlag for vidare arbeid, og oppmodar kommunane om å godkjenne strategien og delta i vidare arbeid.

Bustadstrategi for Sogn, Norconsult, 26.8.2016

Utfordringsnotat og arbeidsplan

Analyse av bustadmarknaden