Signering av partnarskapsavtalen

Partnarskapsavtalen for "Sats på barnehagen - snu Sogn" vart signert av Høgskulen i Sogn og Fjordane, Utdanningsforbundet, NAV Arbeidslivssenter og Sogn regionråd under markeringa på Lægreid Hotell 5. november.

Leiar i Sogn regionråd, ordførar Torodd Urnes og leiar i programstyret, ordførar Jarle Aarvoll inviterte til markering av signering av partnarskapsavtalen. 

Leiar i programstyret Jarle Aarvoll viste til at prosjektet "Sats på skulen - snu Sogn" har styrka utviklingsarbeidet mellom kommunane i Sogn regionråd. Partnarskapsavtalen vil styrka det formelle samarbeidet med Høgskulen, NAV og Utdanningsforbundet for å nå felles mål: skape betre kvalitet, redusera sjukefråværet, styrka barnehagesektoren som attraktiv og utfordrande arbeidsplass og stimulera til kreative barnehagar. 

Partnarskapsavtalen vart signert av rektor Åse Løkeland frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, hovudtillitsvald Anne Siri Bentsen frå Utdanningsforbundet, avdelingsdirektør Tove Rygg frå NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane og leiar i Sogn regionråd Torodd Urnes. 

Partnarskapsavtalen

Saksutgreiing 
 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS