Gjennom dette prosjektet skal Sogn utviklast som berekraftig reisemål. Arbeidet inneber ei kvalifisering for Innovasjon Norge sitt destinasjonsmerke for berekraftige reisemål og er ein integrert del av Masterplanarbeidet som vert starta opp hausten 2017. Prosjektet skal ende opp i ein handlingsplan for ei samla utvikling av reiselivsnæringa for Sogn 2020-2035.

Sogn regionråd er prosjekteigar for masterplanarbeidet. Kommunane har vedteke å støtta arbeidet. Visit Sognefjord er prosjektansvarleg og har formelt ansvar for framdrift, gjennomføring og finansiering av prosjektet. Prosjektet er finansiert av Innovasjon Norge og Sogn regionråd. Hovudprosjektet er i tida januar 2019 til juni 2019.

Merket "Berekraftig Reisemål" vil styrke sogneregionen sin attraktivitet og konkurransekraft, og dermed også verdiskaping på lang sikt.

Les meir om prosjektet i presentasjonen

Analysen om reiselivet i Sognefjorden, Menon Economics 2017