Temadag om bustadutvikling

Temadagen samla over 30 deltakarar og handla om dei gode grepa for betra bustadtilbod og kva som kan gjerast for å få meir variert og attraktiv bustadmarknad

Analysen som vart laga i fjor viser at bustadmarknaden er ein av fleire faktorar som spelar inn når det dreier seg om kor attraktive kommunane i Sogn er for innbyggjarane og potensielle tilflyttarar. Engesæter frå Ideas2evidence som har utarbeidd rapporten viste til mistilhøvet mellom etterspurnad og tilbod på den lokale bustadmarknaden og at prøvebustader og leiligheiter i stor grad er fråverande. Fylkeskommunen er opptekne av bustadutvikling som ledd i samfunns- og næringsutvikling og understreka behovet for gjennomgangsbustader.

Olav Ohnstad fortalte om Husbanken sine virkemidlar og som han oppmoda kommunane om å bruka meir. Hamarøymodellen vart trekt fram som døme på kommune-privatsamarbeid der dei gjekk frå prat til handling. Han utfordra kommunane til å bruke det kommunale handlingsrommet, tenkje langsiktig og få til meir samarbeid om bustadutvikling. "Flytt til Hardanger" er døme på regionalt samarbeid der kommunane har laga felles strategiar for bustadutvikling.

Trude Risnes frå Distriktssenteret innleia om bustadpreferansar hos spesifikke målgrupper, og døme på tre kommunar som har jobba bevisst for å treffe desse målgruppene: Ullensvang lukkast å få fleire utleigebustader med tilskot til oppussing, Stjørdal satsa på rimelegare bustader for unge i etableringsfasen og Iveland utvikla sentrum med fokus på berekraft.

To av kommunane delte sine erfaringar: Valborg Heløy frå Luster kommune fortalte om prosjektet Folk i fleire hus. Næringssjef Johannes Sjøtun fortalte om resultata frå satsinga som gir 8-12 leiligheiter sentralt i Balestrand. Nordbohus er utbyggar og Heidi Helle fortalte om samarbeidet som dei ser som vellukka. Boligbyggelag som modell for å få meir variert bustadtilbod i distrikta var tema for Greta Steinheim si innleiing. Buforma er god løysing for dei som ønskjer å bu sentralt og rimeleg.

Det kom mange gode innspel på kva kommunane kan gjere kvar for seg og kva kommunane kan gjera ilag. Sogn regionråd kjem til å oppsummera temadagen og diskutera vidare arbeid.

Presentasjonar
Ideas2evidence, Pelle Engesæter
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Endre Høgalmen
Distriktssenteret, Trude Risnes
Husbanken, Olav Ohnstad
Luster kommune Folk i fleire hus, Valborg Heløy
Balestrand kommune Holmamyrane, Johannes Sjøtun
Nordbohus, Heidi Helle
Årdal Boligbyggelag, Greta Steinehim
 

Program

Les meir om analysen av bustadmarknaden

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS