Til Kongens by med dei fire grepa som trekk skulane i Sogn opp

Entreprenørskap er eitt av dei fire sentrale stikkorda som bidreg vesentleg til å forklare skuleresultata i Sogn. På Nordisk Ministerråd si konferanse om entreprenørskap i skulen, presenterte rektor Ingunn Marie Myren og programleiar Claus Røynesdal korleis region Sogn nyttar entreprenørskap som ein utviklingsfilosofi

Når vi ser både på grunnskulepoeng og resultata av nasjonale prøvar, finn vi at Sogn og Fjordane trekk snittet i Noreg opp. Vi finn også at region Sogn trekk snittet i fylket vårt opp – kvart år. Kva er det vi gjer i Sogn som andre skular, kommunar og regionar gjer mindre eller lite av? Eller stilt på ein annan måte; kva er det vi i Sogn gjer mykje av?

Då er det fire strategiske grep som peikar seg ut. I sum har skulane, kommunane og Sogn regionråd satsa tungt på desse områda:

  1. Entreprenørskap
  2. Internasjonalisering
  3. Lærande regionale nettverk
  4. Psykisk helse/ sosial- og emosjonell kompetanse

Det er ingen andre regionar i landet som gjennomfører entreprenørskapsmesser for ungdomsskulesteget. Dette gjer vi i tett samarbeid med Ungt Entreprenørskap. Vi har arrangert entreprenørskapsmessar med 600 elevar frå dei 12 ungdomsskulane i region Sogn kvart år sidan 2009. I tillegg har vi eit regionalt fagnettverk i entreprenørskap. Det er ein lærings- og utviklingsarena for skuleleiarar og lærarar. I Sogn har vi 21 regionale nettverk for skulane, og åtte for barnehagane. Nettverk er avgjerande viktig i kapasitets- og kompetansebygginga. Nettverk styrkjar utviklings- og  delingskulturen. Mange av skulane våre har jobba mykje med internasjonalisering. Det har stor effekt å knyte band på tvers av landegrensene og å lære av andre. Psykisk helse har vore eit viktig satsingsområde, og eitt av dei seks strategiområda i utviklingsprogrammet ”System for styrka læring”. Pedagogisk personale må ha fleire og breiare verktøy slik at vi kan nå alle elevane med universelle tiltak i klasserommet.

Entreprenørskap er både elevaktivitetar, ein pedagogisk filosofi og ein leiarstrategi. Pedagogisk entreprenørskap handlar om skuleutvikling og fornying av praksisfeltet. Det dreiar seg om styrking av eit variert læringsmiljø – og det handlar om skulen sin endrings- og utviklingskompetanse.

På konferansen i København presenterte vi korleis entreprenørskap er ein utviklingsfilosofi og ein leiarstrategi for skuleutvikling i Sogn.

Les Sogn avis "Pionerskule deltok på nordisk samling"

Presentasjonane:
Entreprenørskap som filosofi og ledelsesstrategi, Claus Røynesdal
Skoleutvikling med entreprenørskap som plattform, Ingunn Marie Myren

Programmet for samlinga til Nordisk Ministerråd

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS