Triple Helix i Sogn
Onsdag 18. januar arrangerte ”Sats på skulen – snu Sogn” nettverkssamling og kurs i entreprenørskap; ”Entreprenørskap på nye vegar”. Entreprenørskap er eit multidisiplinært fenomen var bodskapen til Ødegård. Dei viktige ingrediensane er økonomi, psykologi, pedagogikk og sosiologi. Entreprenørskap i skulen bør ikkje berre handle om verksemdperspektivet, altså økonomi, leiing, tilsette og verksemda. Det viktigaste med entreprenørskap i skulen er sjølve danningsperspektivet. Det handlar om likeverd og vekt på de sosiale, pedagogikk med vekt på inkludering og å byggje sosiale relasjonar. Entreprenørskap i skulen skal trene elevane i motivasjons- og handlingskompetanse; det å sjå moglegheitene og motivere seg til å ta dei fyrste skritta.
Pedagogisk entreprenørskap ved Inger Karin Røe Ødegård, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Næringsreisa i HAFS ved Per Arne Tveit, HAFS regionråd
Gründercamp - Samarbeid skule -næringsliv ved Jørn Helgheim, Ungt Entreprenørskap








