Ungt Entreprenørskap Vestland, vertskommunen Lærdal og det regionale programmet «System for styrka læring» arrangerte messa for ungdomsskulane i våre seks kommunar i Sogn. Over 500 ungdommar og om lag 100 vaksne frå skular og næringsliv var samla for å ha fokus på entreprenørskap, initiativ, skaparlyst og kreativitet.  

30 inspirerande og nytenkande elevbedrifter frå 9.klasse stilte ut med stand, og gjorde jobben til juryen svært vanskeleg. Juryen var samansett av offentlege næringslivsaktørar frå Sogn og representantar frå Ungt Entreprenørskap Vestland. I forkant av messa hadde dei fått tilsendt eigenproduserte videoar frå elevbedriftene som gjekk vidare frå lokale konkurransar i heimkommunane. Dei 30 elevbedriftene vart så invitert til digitale juryintervju rett etter påske. Men det var ikkje før juryen fekk sett elevbedriftene i aksjon i Lærdal, at dei landa på følgjande premiering i sju kategoriar: 

  • Beste elevbedrift: Jordeplegudl EB – Lærdalsøyri skule 
  • Berekraftsprisen: Norges beste (for Norges neste) EB – Flatbygdi skule 
  • Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt: Kameratane – Lærdalsøyri skule 
  • Beste produkt (varer/ tenester): Beez wrapz eb – Aurland barne- og ungdomsskule 
  • Beste stand: God mat God helse eb – Aurland barne- og ungdomsskule 
  • Beste salsbedrift: EB Små søte – Kaupanger skule 
  • Beste video: EB – EcoTote – Kvåle skule 

I tillegg stemte 8.klassingane fram sin favoritt og publikumsprisen gjekk til: FIFA Fellas EB frå Leikanger ungdomskule. 

Me gratulerer både vinnarane og dei andre elevbedriftene med god innsats! 

Alle 8. klassingar frå regionen var invitert til messa for å lære om entreprenørskap og la seg inspirere fram til dei skal i elden med elevbedrifter neste skuleår. I tillegg til det faglege var det høg grad av trivsel i Lærdalshallen. Gode tilbod i elevkiosken og aktivitetar førte til god stemning både i og utanfor idrettshallen. Lokalt næringsliv i Lærdal var sterkt representert med eigne kreative utstillingar for nysgjerrige ungdommar i tillegg til at 12 bedrifter frå Lærdal tok i mot 8. klassingar på spennande bedriftsbesøk. Stian Offerdal Vatlestad, festivalsjef og styreleiar for Jordeplerock, sørga for inspirerande føredrag for elevane, og Sogn Opplæringskontor freista med utprøving av First Lego League. I tillegg hadde ViteMeir og Ungt Entreprenørskap Vestland sine eigne kreative standar i hallen som tiltrekte seg mange ungdommar. Sogn Avis laga to flotte reportasjar frå messa på nett og i papirutgåva, der mange elevbedrifter vart løfta fram. 

Til slutt… 

Takk til sponsorane Sogn Sparebank, Østfold Energi, Kraftriket Sogn og Oskar Brugrand AS. Takk til ordførar Audun Mo og Ungt Entreprenørskap Vestland ved nestleiar Fredrik Jarstadmarken for velkomsttale og lykkeønskingar og takk til bandet «Kves» for framføring av to rockelåtar som sette stemninga under opninga. Takk til dei engasjerte konferansierane Theodor Njåstad Blaaflat, Fredrik Rumohr, Martin Eri og Jonathan Aspevik som losa oss gjennom dagen, og takk til den hardtarbeidande juryen: Trine Grøttebø, Ingeborg Lysne, Frida Pedersen Bekkestad, Ida Brastad Ramsfjell, Mia Haaland og Axel Fagerbakke. 

Takk også til alle dykk andre som har bidrege til at messa vart så bra- arbeidsgruppa med arrangørane, næringslivet i Lærdal, Røde Kors som sørga for god HMS under arrangementet og sist men ikkje minst, takk til hardtarbeidande elevar og tilsette ved Lærdalsøyri skule. De sytte for effektiv rigging og matlaging/kiosksal til over 600 personar. Det hadde ikkje gått utan dykk alle!! 

No er det berre å gle seg til neste entreprenørskapsmesse i Sogn som vert arrangert ein stad i Sogndal kommune 8. april 2025! 

Foto: Ingrid Kristoffersen, Ungt Entreprenørskap og Ingrid Steine Bortne.