Kommunane i Sogn regionråd har felles GIS-løysing med programvare for oppdatering av kartdata og forvaltning av kommunale avgift. I tillegg har kommunane kartløysing på sognekart.no der kartdata er tilgjengeleg for publikum. Reguleringsplanar, temakart, grunnkart, flaum- og skredsikringstiltak  er digitalisert og tilgjengeleg i denne kartportalen. Det er laga rettleiing for korleis du kan finna plankart og aktuelle dokument i kartportalen.

Digital forvaltning og arkivering med brukarvennleg webtilgang effektiviserer arbeidsprosessane i kommunane. Karttenesta både lettar forvaltningsarbeidet i kommunane og har stor informasjonsverdi for publikum og næringsliv.

Det har vore gjennomført fleire prosjekt innan GIS (geografiske informasjonssystem) sidan samarbeidet mellom kommunane i Sogn regionråd starta i 2004.

Prosjekta har vore delfinansiert med fornyingsmidlar og skjønsmidlar frå fylkesmannen.

Sogn regionråd har tilsett GIS-koordinator i heil stilling med kontorstad i Vik. GIS-koordinator har ansvar for fagleg koordinering og utvikling av GIS-løysingar i medlemskommunane. Rådmannsgruppa er styringsgruppe for GIS-arbeidet.