På dette første møte etter valet fekk ordførarane orientering frå dagleg leiar om Sognarådet, regionalplanen og aktuelle saker. Tommy Aarethun frå Initiativ Vest innleia til diskusjon om korleis løfte det regionale samarbeidet og kom med konkrete innspel til samarbeidsområde. 

Ny samarbeidsavtale vart signert av dei seks ordførarane og markerte namneskiftet frå Sogn regionråd til Sognarådet interkommunalt politisk råd (IPR). 

Arbeidsutvalet handsama fleire saker blant anna vedtak om overføring av oppgåver frå Sognarådet til Sogn kommunalt oppgåvefellesskap og om auka løyving til gjennomføring av masterplan for reisemålet Sogn. 

Rådmannsgruppa presenterte status for Sogn kommunalt oppgåvefellesskap som er under etablering. Aktuelle samarbeidsområde for oppgåvefellesskapet er: kulturskule, innkjøp, barnevern, kommuneadvokat og plan.

Ingrid Steine Bortne orienterte om "System for styrka læring" som er kommunane i Sogn sitt regionale program for barnehage- og skuleprogram. 

Møteinnkalling 30.-31. oktober 2023

Møteprotokoll 30.-31. oktober 2023

Vedlegg: 
Vedlegg sak 31 Prosjektplan HP masterplan fase 3
Vedlegg sak 33 Budsjett 2024
Vedlegg sak 37 skriv og meldingar

Presentasjonar:
Om Sognarådet og regionalplan for Sogn v/ Karina Nerland, dagleg leiar 
Korleis løfte regionalt samarbeid? v/ Tommy Aarethun, Initiativ Vest
Status for Sogn kommunalt oppgåvefellesskap v/ Stig Stark-Johansen, leiar i rådmannsgruppa
System for styrka læring - barnehage- og skuleutvikling v/ Ingrid Steine Bortne, programleiar