Vi har gjennomført to kull med leiarutdanning à 30 studiepoeng. 37 rektorar, inspektørar, rådgjevarar og lærarar har teke denne utdanninga. Vi koordinerar og utviklar dei 21 regionale fagnettverka. Dette er læringsnettverk frå grunnskule til og med vidaregåande skule. Regionale fagnettverk på tvers av eigen kommune er eit særskilt viktig element i fagleg utvikling av det pedagogiske personalet. Det viktigaste satsingsområdet er like fullt å utvikle kommunane si rolle som skuleeigarar. 

Les brosjyra Bli pedagog i Sogn.