Målet med prosjektet ”Sats på skulen – snu Sogn” er å gje den enkelte elev meir kompetanse og gje eit bidrag til samfunnsutviklinga gjennom auka samarbeid om skuleutvikling i regionen. Prosjektet omfattar også barnehagane og har tre delprogram: leiarutdanning, kommunen som barnehage- og skuleeigar og fagnettverk. Entreprenørskap er ein ”raud trå” i desse tre delprogramma.

Først og fremst skal barna i barnehagane og skulane få endå betre læring, meistring og gode opplevingar. Dernest brukar vi barnehagane og skulane som verktøy for å snu trendar i den regionale samfunnsutviklinga. ”Sats på skulen - snu Sogn” handlar om å skape betre kommunale tenester, byggje omdømme og marknadsføre ein spanande region. Vi ynskjer å få dei unge til å sjå moglegheitene lokalt og framtida i Sogn.

Vi har sett saman eit breitt programstyre til å vere styrings- og ressursgruppe for faglege utfordringar, problemstillingar og tiltak. Les meir om programstyret

NTNU Skole og læringsforskning har evaluert prosjektet. Les meir om evalueringa 

"Sats på skulen - snu Sogn" er eitt av fire døme i KS si idehandbok om korleis kommunar kan samarbeida om skuleutvikling. Les meir om idehandboka

Vi samarbeider med Statped Vest og skuleregion Sogn om å styrka opplæringskvaliteten og redusera bruken av spesialundervisning. "System for styrka læring" er ein regional utviklingsprosess som er starta i Sogn. Les meir