Forsikring

Kommunane i Sogn regionråd samarbeider om personal- og skadeforsikringane, og det er laga ein forsikringsstrategi.

Kommunane Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik samarbeider om risikoreduserande og skadeførebyggjande tiltak, forsikring, felles kjøp av forsikringstenester og felles administrasjon av forsikringsordningar. Kyrkjeleg fellesråd og Høyanger kommune deltek også i forsikringssamarbeidet.

Rådmannsgruppa har laga ein forsikringsstrategi. Målet med strategidokumentet er å forankra eit felles grunnsyn i høve til risikohandtering og forsikringsdekking.

På vegne av kommunane gjennomfører Sogn og Fjordane fellesinnkjøp - SFFI - kjøp av forsikringsmeklartenester. Forsikringsmeklarane Aon Grieg AS forvaltar forsikringane for kommunane.

Kommunane i Sogn regionråd (ikkje Aurland kommune) og Høyanger kommune har ei solidarisk ordning ved at eigendel av skadeutgiftene over kr 50 000 vert fordelt mellom kommunane. Les meir om rutinen.

Share on Facebook Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut
Design: CustomPublish AS | Publiseringssystem: CustomPublish AS